Nominert til Årets verk: "Hybrid spetakkel" av Knut Vaage

29. november 2021

KV 0325

Foto: Observatoriet

Foto: Observatoriet

I dette timeslange verket flettes lyd og bilde sammen i en stort anlagt konsertforestilling.

Komponisten om verket

Ideen om "Hybrid spetakkel” oppsto ut ifrå ein refleksjon over at me i vår tid kan oppleva ein ny slags futurisme gjennom all vår entusiasme for ny teknologi. (Ein variant av denne framtidsoptimismen er transhumanismen). Menneska i vår tid kan visa stor entusiasme for teknologiutviklinga, men kan også oppleva ein redsel for å bli overflødiggjort av teknologien. I ”Hybrid Spetakkel” blir tilhøvet mellom menneske og teknologi belyst i eit musikalsk multimedialt landskap.

Uttrykket inviterer til refleksjon omkring temaet menneske og teknologi. Kva skjer på det mellommenneskelege plan når teknologien påverkar vår måte å tenkja og handla på? Korleis blir dialogen mellom oss påverka av dei store nyvinningane innan teknologi og kommunikasjon? Diskusjonen føregår i media, i vitskapen og elles i samfunnet. Kanskje kan vårt hybride klangunivers bidra til å belysa temaet gjennom å tilføra nye sanseopplevingar? Knut Vaage

Teknikk og metode:

Kvar enkelt musikar i ensemblet utforska hybriden mellom den akustiske lyden og elektronikken. Instrumenta sine små, subtile lydar som normalt ikkje høyres, blei forsterka og kraftig elektronisk bearbeidd. Dirigenten og nokre instrumentalistar brukte små transduserar (vibrasjons-høgtalar som skaper svingingar, og som kan gje ulike material om til klingande objekt). Instrumentlydane frå ensemblet blei sendt via transduserane som flytta lyden i rommet til dei resonnerande instrumenta; pianoramme, piano og slagverk. Desse klang-instrumenta kunne på denne måten brukast som akustiske høgtalarar, og slik oppsto nye hybride klangar.

Utgangspunktet for det visuelle var at mange små kamera blei styrte av eit dataprogram for å ”overvaka” musikarane, og visa på nært hald dei ulike speleteknikkane som blei brukt. Bildene blei overlagra etter polyfonien i partituret, og overført til stor lerret plassert omkring i rommet. I lys/lyd-sekvensen på slutten av konserten, blei paralellkobla lyd og lys frå tre laserar iscenesatt. Det visuelle inneheldt også historiske videoklipp frå futurismen.

Gjennom heile prosessen blir samanhengen mellom dei ulike verkemidla undersøkt. Samansmelting av elektronikk, akustisk lyd, lys, laser og video, resulterte i ein kreativ loop - eit ”Hybrid Spetakkel”.

Urfremført: Borealis 2020

Besetning:
Solist cello: John Ehde
BIT 20 Ensemble
Dirigent: Trond Madsen

Transducer- og elektronikkutvikling: John Hegre
Lyddesign, programmering: Thorolf Thuestad
Visuell iscenesetjing: Birk Nygaard

Varighet: ca 60 minutt

NRK Hovedscenen

Se konsertopptaket fra urfremføringen i Studio Bergen under Borealisfestivalen 2020 med BIT20 Ensemble, dirigent Trond Madsen. "Hybrid spetakkel" på NRK Hovedscenen, presentert av Arild Erikstad.

Om komponisten

Knut Vaage (1961) er utdannet i klaver og komposisjon ved Griegakademiet i Bergen. Han har vært aktiv innenfor en rekke stilarter med hovedvekt på improvisasjon og samtidsmusikk. I flere prosjekter har han utforsket grensene mellom improvisasjon og komposisjon. Produksjonen til Knut Vaage spenner fra symfoniske verk og opera til solostykker, og noen av verkene er utvidet med elektroniske virkemiddel.

Årets verk
Norsk Komponistforening skal fra og med 2021 årlig dele ut tre likeverdige priser for verk som fortjener å løftes frem for sine særskilte kvaliteter, signert komponister som arbeider med lyd og musikk som kunstform. I år fikk vi inn 171 forslag, fordelt på 144 ulike verk urfremført i 2018–2020. Vårt Musikkfaglige utvalg har nominert 20 verk blant disse.

En jury bestående av en dirigent/utøver (Rei Munataka), en kritiker (Maren Ørstavik), en utenlandsk komponist (Antti Auvinen) og en representant fra MU (Bjørn Morten Christophersen) skal kåre tre vinnere av Årets verk som offentliggjøres 10. desember.