Gyrid Kaldestad 260822 8 foto Renate Madsen NKF

©Renate Madsen

Tid for å søke kunstnarstipend

6. oktober 2023

Det nærmar seg den tida på året då det er på tide å sette seg ned og skrive søknad om neste års kunstnarstipend, og mange slit kanskje med å finne motivasjon og overskot i ein travel kvardag. Kanskje har ein søkt i fem, ti eller tjue år utan å få noko som helst, og mitt beste råd er – gi ikkje opp!
Tekst: Gyrid Nordal Kaldestad, nestleiar

Som mangeårig medlem av stipendkomiteen kan eg med handa på hjarta sei at det er oppløftande og inspirerande å sjå den store breidda og den høge kvaliteten blant dei som søkjer stipend, og målet må være at ein i framtida kan gi stipend til mange fleire!

Me ser kor avgjerande stipenda er for feltet vårt: Stipenda bidrar til ei fagleg fordjuping komponistar treng for å utvikle verksemda si. I ein struktur der premisset ofte er at ein spring frå prosjekt til prosjekt, treng ein fridom. Fridomen det er å få strekke ein prosess ut over tid, å få tenke litt lengre fram enn neste halvår, å få prøve ut eit materiale som ikkje skal brukast straks, få gå grundig inn i ein idé, medverkar til å gje oss sterkare kunstnarlege uttrykk.

Når eg no ikkje lengre sit i stipendkomiteen, men i styret til NKF, kjenner eg på kor essensielt det er å arbeide politisk for å oppnå fleire stipendhjemlar. Eit slikt arbeid er tidkrevjande, og kan virke umogleg. Men frå tid til anna får me gjennomslag. I 2022 klarte styret å argumentere så godt for fleire stipend, at stipendkomiteen for komponistar fekk 5 nye stipendhjemlar, noko som gjorde det mogleg for komiteen å gi stipend til litt fleire enn året før. I år, altså for stipendåret 2024, har komiteen fått tre ekstra arbeidsstipend å dele ut, men dette er det ikkje noko ein har garanti for at ein får i 2025.

Me gler oss over endringa, og veit samtidig at aukinga ikkje speglar att behovet. Og korleis måler me behovet? Den mest openberre peikepinn me har på kva som rører seg av kunstnarleg verksemd i Noreg i dag, ligg nettopp i søknadsmaterialet. I antalet søknader og i den overtydande kvaliteten me gjerne ser i søknadsbunken. Når du skriv ein søknad som ikkje går gjennom, har den derfor likevel meining. Du bidrar til det politiske arbeidet vårt, du bidrar til felleskapet av komponistar som treng dette armslaget, ved å gje oss det tyngste argumentet me har i arbeidet for å betre rammevilkåra for ny musikk i Noreg.

Derfor oppmodar me i styret alle om å søke stipend, og me ønskjer lukke til med skrivinga!

Søknadsfrist

Fristen for å søke stipend er tysdag 17.oktober kl 13.00!