Siri Storheims takketale
3. februar 2023
Prisvinner Siri Storheim spilte selv i Kringkastingsorkestret på konserten der prisutdelingen fant sted. Foto Beate Styri
Prisvinner Siri Storheim spilte selv i Kringkastingsorkestret på konserten der prisutdelingen fant sted. Foto Beate Styri
Å få denne prisen betyr mykje!
Når ein enkelt artikkel får så stor merksemd, viser det at bransjen vår roper etter fornying, og sterke stemmer som kan gå i bresjen for det. For meg er denne prisen ein oppmuntring og oppfordring til vidare engasjement.
Innlegget i Kontekst var ikkje min fyrste kronikk. Då eg var 13 år skreiv eg ein ganske krass tekst i Bergens tidene om dei blodige urettferdigheitane i norsk kvinnefotball. Likestillingskampen var og er den viktigaste politiske saken for meg, men som 13-åring tenkte eg at det var fotballen som trengte mitt «feministiske fokus.» I skulekorpset hadde eg både mannlege og kvinnelege dirigentar, eg hadde kvinnelege hornlærarar, og eg elska å spele musikk av Camille Saint-Säens, som eg, utifrå navnet, var sikker på var ein kvinneleg komponist.
Når eg vart ein del av den klassiske musikkverda, skjønte eg at det var mykje som ikkje levde opp til mine idealer når det gjaldt mangfald og likestilling. Likevel sleit eg med å navigere engasjementet mitt. Ting var som dei var, som dei alltid hadde vore, og det var lett å skulde på at klassisk musikk er konservativ i sin natur. Eg følte på avmakt i møtet med miljøet, men det utvikla seg fort til eit ønskje om å påverke. Gjennom heile studietida jobba eg for sakar som var viktige for meg, og engasjerte meg på ulike områder. Det var veldig givande, men eg skjønte også at det er svært vanskeleg å endre ein institusjon eller organisasjon frå innsida. Difor såg eg behovet for ein offentleg debatt.
Å ta det steget var ikkje berre lett. Når ein kritiserer systemet kritiserer ein indirekte folka som utgjer det. Som frilansar er ein heilt avhengig av nettverk, gode relasjonar og eit godt rykte, for å sei det på gamlemåten. Ryggmargsrefleksen er med andre ord ikkje å vere sint feminist på internett. Sjølv om det kanskje er innbilling, kjennes det som om eg setter noko på spel ved å ta den rollen eg har tatt, og eg trur den kjensla hindrar andre frå å gjere det same. Difor er eg ekstra takksam for den støtta og anerkjenninga denne prisen er.
Ting skjer ikkje av seg sjølv - det kjem ikkje til å gå seg til med tida. Eg vil utfordre norsk musikkliv til å våge å forplikte seg til arbeidet for mangfald og likestilling. Det kjem til å bli utfordrande og tidvis ubehageleg, men det er det einaste riktige å gjere.
Komponistforeningens likestillingspris er en årlig pris som deles ut av styret i Norsk Komponistforening til en person, gruppe, institusjon eller forening som har gjort en spesiell innsats for å fremme likestilling og kjønnsbalanse i det skapende musikkfeltet. Den første prisen ble delt ut i 2017.
Komponistforeningen går åpent ut hvert år for å innhente forslag på gode kandidater som fortjener oppmerksomhet for sin innsats for likestilling i norsk musikkliv.