Komponistportrettet: Benedicte Maurseth

8. mars 2024

IMG 1625
Bli kjent med dagens komponistar. I denne portrettserien stiller me medlemmene våre spørsmål knytt til det skapande arbeidet deira. Denne gongen møter me komponist, forfattar og folkemusikaren Benedicte Maurseth.
FOTO AV PÅ L LAUKLI

Foto: Pål Laukli

Kva jobbar du med no?

Litt ulike prosjekt, og med ulikt omfang, mellom anna eit bestillingsverk for Kronos kvartetten. Dette skal utarbeidast i lag med Kristine Tjøgersen – eit samarbeid eg gler meg enormt til! I tillegg skal eg vera med å framføra det ferdige verket med kvartetten. Eit samspel eg trur vert særleg forvitneleg fordi kvartetten ynskjer òg å byte ut sine faste instrument med hardingfeler, hardingbratsj og -cello med understrenger bygd av hardingfelemakar Ottar Kaasa. Verket er initiert av David Harrington, kunstnarisk leiar for kvartetten, som det visar seg i årevis har hatt lyst til å gjera noko med hardingfele. Akkurat no for tida forskar eg mest på ulike kombinasjonar av klangar og felestiller, kva slags «fargar» verket mogelegvis skal rammast inn i. Uroppføring er heldigvis ikkje før i mars 2025, i New York i Carnegie Hall.

Parallelt arbeider eg med ein oppfølgjar til solo-albumet Hárr som kom ut i 2022 på Hubro Records. Då var albumet eit resultat av eit bestillingsverk urframført ved Hardanger Musikkfest i 2019, medan denne gong kjem initiativet frå oss musikarar sjølve, der Mats Eilertsen, Morten Qvenild og Håkon Mørch Stene vil vera med å utarbeida verket. Førre album inneheldt utstrekt bruk av konkret musikk i komposisjonane, med lydar frå dyr og fjellfolk knytt til Hardangervidda. Det vil det gjera denne gongen også, men på komande verk er tanken å retta blikket mot reinsdyra åleine. Eg les difor mykje om reinsdyr for tida, ser film, foto og utforskar korleis uttrykka og inkludera lydar og åtferd, samt det storslagne landskapet kring dei. Eit landskap eg kjenner veldig godt som kjem frå Maurset, like ved Hardangervidda i Eidfjord. Men villreinen der heime har eg berre sett tre gonger i heile mitt liv. Albumet kjem også denne gong ut på Hubro Records i 2025.

Korleis ser arbeidsplassen din ut?

Nokså kaotisk på ein slags systematisk måte; fylt av faglitteratur, all slags instrumenter og øskjer med tidlegare utgjevne album og bøker. Eg har berre nokre få feler her, elles er rommet stort sett fylt opp av diverse strengeinstrument, gitarar, amper og svært mykje anna eg ikkje kan noko om (eg delar rommet med gitarist og komponist Stein Urheim). Stundom skriv eg i lengre periodar, og då sit eg ved arbeidsbordet. Utsynet er både mot sjø og fjell nære vakre Skuteviken på Bergen Kjøtt, i eit digert hus fylt av studio og øvingslokaler i Bergen.

Vil du skildra dagen din som komponist? 

Å arbeide fram ny musikk gjer eg periodevis då eg også er utøvande musikar og skriv sakprosa i tillegg. Men skal eg verkeleg koma inn i ein god flyt må eg alltid ha fleire dagar samanhengande der eg berre diktar ny musikk. Aller helst betyr det å reisa bort til ein stad eg veit gjev meg påfyll. By eller bygd er ikkje så viktig, men der eg er avstengd. Altså langt ifrå sosial, men omringa av feler. Om eg fyrst har fått rydda slik plass, sit eg med hardingfela i handa og spelar og leitar, leitar og spelar, gjerne i mange timar både morgon og kveld. Eg noterer aldri ned musikken, men brukar ein god gammal zoom-opptakar til å ta opp det som kjem. Kjem eg då inn i ein tilstand, i ein slags viljelaus vilje, har eg røynt mange gonger at den skapande prosessen kan gå veldig fort. I tillegg går eg mykje tur og lydar på det eg har laga i mellom speleøktene.

Kva lyttar du til sjølv når du skal høyra på musikk?

Det kjem ann på kva eg treng musikken til. Om det er for å forløysa noko i mitt eige skapande arbeid, så kan det vera alt frå Meredith Monk til gamle arkivopptak med felespel. Om det er for å forsvinna frå meg sjølv – er det framfor alt instrumentalmusikk. Fri impro, samtid, jazz, barokk, folkemusikk, kva som helst.

Di største kunstoppleving?

Å stå inne i ei kyrkje i Umbria i Italia og sjå arbeid av Piero della Francesca til dømes, eller å høyra min læremeister Knut Hamre spela for meg på ein heilt vanleg speletime i oppveksten. Den største opplevinga har kome mange gonger.

Kulturelle saker eg brenn for:

Fleire arbeidsstipend til kunstnarar, mangfald i sjangrar, uttrykk, kjønn, alder, ein større økonomisk likskap mellom musikksjangrar, betring av arbeidsvilkår for lærarar i kulturskulen, for å nemna noko.

Fakta

Biografi

Benedicte Maurseth (fødd 1983, Eidfjord i Hardanger) er ein veletablert og anerkjend utøvar og komponist på den norske musikkscena.

Ho har studert hos hardingfelemeister Knut Hamre i nærare tretti år og er alumne ved Ole Bull Akademiet. I tillegg til hovudinstrumentet hardingfele spelar Maurseth barokkinstrumentet viola d'amore. Ho er også kvedar.

Maurseth har turnert mykje som solist og i samarbeid med andre, både i Noreg og internasjonalt. Ho jobbar tett med mange av dei leiande artistane på tvers av sjangrar og kunstnariske uttrykk som Jon Fosse, Anne Marit Jacobsen, Rolf Lislevand, Mats Eilertsen, Berit Opheim og Merilyn Crispell.

Maurseth har skrive musikk for teater og film og andre bestillingsverk for festivalar og album.

Verket Tideverv, som vart urframført i 2017, vart tildelt NOPAs musikkpris, og songen hennar Very Full, som vart spesialskrivent for TV-serien Loki (Marvel Studio), rangerte høgt på Billboard-lista.

Ho har spelt inn album for Grappa Musikkforlag (Hubro & Heilo) og ECM Records, og har óg publisert bøker, artiklar og essays. Hennes siste album Hárr vart tildelt "Årets beste nordiske album", og fekk den prestisjetunge Nordic Music Prize for 2022.

Maurseth har skrive boka Å vera ingenting (2014), som inneheld samtalar med Knut Hamre om mellom anna folkemusikk. Ho har òg hatt fast folkemusikkspalte i Dag og Tid. I 2022 gav ho ut boka Systerspel om historia til kvinnelege felespelarar i Noreg frå 1700 fram til i dag

Bli kjent med dagens komponistar
Med denne portrettserien ønskjer me å visa den store spennvidda blant medlemmene våre i Norsk Komponistforening, ved å stilla dei nokre spørsmål knytt til dei skapande arbeida deira. Les fleire intervju her.