NKFs kommentar til framlegget av Statsbudsjett for 2024

6. oktober 2023

Jorgen komponistforeningen 260822 37 foto Renate Madsen

Foto: Renate Madsen

Foto: Renate Madsen

Norsk Komponistforening er positiv til auken i Kulturbudsjettet og spesielt til at det kjem 44 nye heimlar for kunstnarstipend. Veksten i det totale budsjettet gjer òg at midla til kultur ikkje minkar eller vert ete opp av inflasjonen. Det er bra.

Foreininga registrerer at institusjonane på musikk- og scenekunstfeltet får ei sterk vekst i sine midlar. Det er i seg sjølv positivt, men NKF set føre at når ein gjev så mange ekstra millionar til institusjonane må ein større del av tilskotet gå til å følgje opp krava i strategien frå KUD om utvikling, fornying og nyskaping i musikkuttrykk. Tilskotet må òg kome den kulturelle breidda og mangfaldet til gode. Slik det no er, forvaltar ikkje institusjonane tildelinga dei mottek på ein måte som gjer at nyskaping og fornying skjer i tilstrekkeleg grad i deira del av musikkfeltet.

Styreleiar i Norsk Komponistforening, Jørgen Karlstrøm, vil oppmoda musikkinstitusjonane til å ta tak i ønska frå regjeringa om meir nyskaping og fornying på musikkfeltet.

- Institusjonane må bestille meir ny norsk musikk og programmere musikk av komponistar med eit mangfald av bakgrunnar. Institusjonane må i større grad enn før forsøka å spegla det norske samfunnet slik det framstår i dag!

Prop. 1 S (forslag til stortingsvedtak) Kultur- og likestillingsdepatementet