Nominert til Årets verk: "Corazones en el viento" av Per Arne Glorvigen

13. desember 2023

PER ARNE2

© Jelena Frolova

© Jelena Frolova

20 verk er nominert til Årets verk 2023. Vi presenterer én og én fra nominasjon i tilfeldig rekkefølge i desember

"Corazones en el viento" er komponert av Per Arne Glorvigen i 2021 som en hyllest til Astor Piazzolla i anledning 100-årsjubileet for argentinerens fødsel.

Verket er bestilt til Rosendal Kammermusikkfestival av kunstnerisk leder Leif Ove Andsnes, og ble urframført søndag 8. august 2021 i Baroniet av Per Arne Glorvigen (bandoneon), Arnulf Ballhorn (kontrabass), Daniela Braun (fiolin) og Joachim Carr (klaver).

Om "Corazones en el viento"

Med bena plantet i tangoen tar Glorvigen et stort skritt ut og inn i noe annet, helt eget. Han behersker formatet og instrumentene svært godt og evner å skape sitt eget klangrom i forlengelsen av Piazzolla. Musikkfaglig utvalg om verket
Fakta

"Corazones en el Viento" (Hommage à Piazzolla)

Komponist: Per Arne Glorvigen

Besetning: Klaver, kontrabass, fiolin og bandoneon

Durata: 9:20

Utfremført av: Per Arne Glorvigen (bandeon), Joachim Carr (klaver), Arnulf Ballhorn (kontrabass) og Daniela Braun (fiolin) i 2021, Rosendal Kammermusikkfestival

Bestilt av: Leif Ove Andsnes, kunstnerisk leder i Rosendal Kammermusikkfestival

Utgitt på Simax Classics i 2022:
Rundfunk Sinfonieorchester Berlin
Frank Strobel: dirigent
Glorvigen Quartet: Arnulf Ballhorn (kontrabass), Daniela Braun (fiolin), Joachim Carr (piano), Per Arne Glorvigen (bandoneon)

Glorvigens verk "Corazones en el viento" er en hyllest til Astor Piazzolla , skrevet for en festival der det blant annet ble satt fokus på tangomesterens 100-års-jubileum. Utover instrumentasjonen og tango-gester som peker mot Piazzolla, står Glorvigens verk helt på egne ben, med egen harmonikk og annerledes spilleteknikker. Verket er potent, suggererende, og vakkert med en særegen koral som coda. Formen overbeviser, og stykket er skrevet av en komponist som behersker tangoestetikken til fulle, og som samtidig har funnet sin egen sterke stemme. Leif Ove Andsnes, kunstnerisk leder Rosendal Kammermusikkfestival

Komponisten om verket

Den største utfordringa når ein skal skriva hyllingsverk til kjende komponistar er å ikkje laga ein kopi av den kjende komponisten sin stil. Dette gjeld ikkje minst for Astor Piazzolla, for sjeldan har ein einsleg komponist prega ein stil så sterkt som Piazzolla har prega den moderne tangoen. Det som derimot kjennest rett er å skriva eit verk i Piazzolla si ÅND der ein søkjer å utvida spekteret for både tango og bruk av bandoneonet. Gjenom dette instrumentet søkte Piazzolla å gjenomføra det som kan synast å ha vore livsoppgåva hans; nemleg å etablera den moderne tangoen som ein kunstform uavhengig av dansen.

”Corazones en el viento” er ein program-musikktittel med klare antydningar til hjartebank i vinden. Hjarteslaga er henta frå den langsame milongarytmen og vinden symboliserar lufta frå belgen i bandoneonet som kan synast å vera ei forlenging av Piazzolla sine lunger. Pianisten utvidar klangeffektane mellom anna med bruka av ebow; eit verkty mest brukt på elektrisk gitar.

Etter den søkande introduksjonen får vi presentert hovedmotivet med dei tre tonane C-C#-A. Så trer vi inn i ein langsam milongarytme som Piazzolla sjølv gjerne kalla ”milonga nocturna” eller ”nattleg milonga”, denne går så over i ein rytmisk, tango som endar i eit kraftig høgdepunkt. Ein kort, nesten sakral koral vert ein ettertenksam epilog til stykket.

Eg vil gjerne få takka Joachim Carr (klaver), Arnulf Ballhorn (kontrabass) og Daniela Braun (fiolin) som urframførte og spelte inn "Corazones en el Viento" med meg! Og takke Leif Ove Andsnes og Rosendalfestivalen for tinginga!Per Arne Glorvigen, komponist
Fakta

Biografi

Per Arne Glorvigen kjem ifrå Dovre og vert rekna som ein av dei viktigaste bandoneon-spelarane i sin generasjon.

Han gjekk ut frå Noregs musikkhøgskule i 1987 med akkordeon som hovudinstrument og reiste deretter til Paris der han vart elev av den Argentinske bandoneonvirtousen Juan José Mosalini.

Etter tre år med omskolering/studiar hjå Mosalini og etter fleire opphald i Buenos Aires byrja Glorvigen verksemda si som profesjonell bandoneonist med base i Paris. Møter med Tango-legender som Astor Piazzolla, Horacio Salgán, Osvaldo Pugliese og Horacio Ferrer vart avgjerande. I tillegg til å spela tango har Glorvigen freista å utvide bandoneon-repertoiret med barokk, kletzmer, pop og ikkje minst samtidsmusikk.

Komponistane Willem Jeths (Nederland), Bernd Franke (Tyskland), Luis Naon (Frankrike/Argentina) og Henrik Hellstenius har alle komponert konsertar for bandoneon og orkester tinga av Glorvigen (Urframføringar i Concertgebouw 2001, Gewandhaus 2003, Radio France 2005 og Ultimafestivalen 2008).

Glorvigen har spelt med mellom anna gitaristen Gøran Søllscher, cellistane Natalie Clein, Tormod Dalen og Nicolas Altstaedt, strykekvartettane Apollon Musagète, Leipziger, Maxwell og Alban Berg. Orkester som: Staatskapelle Dresden, Philharmonie Dortmund BBC Symphony Orchestra, Orchestra Guiseppe Verdi Milano, Det Russiske Nasjonalorkester, Les Solistes de l’Orchestre de Paris og dei fremste symfoni og kammerorkestra i Skandinavia.

Den viktigaste samarbeidspartnaren hans har likevel vore fiolinisten Gidon Kremer. Dei har spelt inn 4 CDar ilag (mest med musikk av Astor Piazzolla) og har gjeve eit hundretals konsertar verda rundt. I Noreg har Per Arne spelt med Tango for 3 og han har vore jamnleg gjest ved dei viktigaste festivalane.

Han var Festspelmusikar ved Festpsela I Bergen I 2006. Saman med broren Bjørn Sigurd driv han festivalen Dovrejul i heimbygda. Glorvigen har også hatt suksess med framsyningane Tangotanko, Tungetango og Diktango der hans eigne humoristiske tekstar gjerne dreier seg om kulturskilnader mellom Dovre og Buenos Aires og spesialiteten er språksketsjar.

I 2006 byrja Glorvigen å studere komposisjon hjå Eric Tanguy i Paris, og seinare orkestrering hjå Guillaume Connesson. Komposisjonsstudiane har ført til at Glorvigen har framført musikken sin I dei fleste europeiske land.

Den fyrste CDen med eigne komposisjonar kom vinteren 2019 med Andreas Brantelid (cello) og Det Norske Kammerorkester (Aurora). Den andre kom i 2022 med strykekvartetten Diotima og ensemblet GLO2020 som Per Arne sjølv har starta. Innspelingar ellers mellom anna for Emi Classics, Sony Classical, Deutsche Grammophon, Nonesuch, Simax og Teldec.

Årets verk
Norsk Komponistforening deler årlig ut tre likeverdige priser for verk som fortjener å løftes frem for sine særskilte kvaliteter, signert komponister som arbeider med lyd og musikk som kunstform. I år fikk vi inn rundt 90 forslag. Komponistforeningens musikkfaglige utvalg har nominert 20 verk blant disse, urfremført i 2020–2022.

En internasjonal jury bestående av en utøver; Eira Bjørnstad Foss (NO), en kritiker; Hilde Halvorsrød (NO), en utenlandsk komponist; Antti Auvinen (FI) og lederen i MU; Bjørn Morten Christophersen (NO) skal kåre tre vinnere av Årets verk fra de nominerte.

Hver prismottaker få en plakett og et stipend på 50 000 kroner. Les om kriteriene for Årets verk her.