Møte med Kulturdirektoratet om betre vilkår for ny musikk
23. mai 2025

Foto: Pål Grødahl
Fra venstre: Jan Ole Otnes (Østnorsk jazzsenter), Bjørnar Habbestad (nyMusikk), Ketil Gutvik (nyMusikk), Knut Olaf Sunde (NKF), Bjarne Dæhlie (Norsk jazzforum), Sarah Ludwig-Simkin (Cikos) og Kari Grete Jacobsen (Østnorsk jazzsenter).
Foto: Pål Grødahl
I likskap med mange av ordningane i Kulturfondet, vert også denne svekt av at det ikkje kjem friske midlar til. Mykje av den nye musikken vert framført av ensemble i det frie feltet.
Vi meiner det er eit gap i verkemiddelapparatet mellom turné- og verksemdsordninga for mindre ensemble og dei store statlege musikkinstitusjonane. Her har dei etablerte mellomstore og regionale ensembla korkje gode nok eller føreseielege vilkår. Samstundes er det viktig for NKF at nye aktørar har høve til å ta del i ordningane.
Vi ønskte å snakka med direktoratet om strategiar for å kunna gje betre vilkår for formidlarane av den nye musikken, som ein viktig kulturell infrastruktur over hele landet. Mellom anna drøfta vi forholdet mellom ordningane i Kulturfondet og tiltak med stønad over statsbudsjettet.
Frå direktoratet møtte vi direktør Torbjørn Urfjell, seniorrådgjevar Line Fallan Sørensen frå avdeling for samfunn og arena, Eskil Muan Sæther, seniorrådgjevar og Preben von der Lippe, fagansvarleg musikk, begge frå avdelinga for Kunstnerleg produksjon og formidling.
I tillegg til styreleiar Knut Olaf Sunde og politisk rådgjevar Pål Grødahl frå NKF, møtte Bjørnar Habbestad og Ketil Gutvik frå nyMusikk, Sarah Ludwig-Simkin frå Cikos, Kari Grete Jacobsen og Jan Ole Otnes frå Østnorsk jazzsenter og Bjarne Dæhli frå Norsk jazzforum.
I møtet var det god utveksling av synspunkt, og våre organisasjonar sin ståstad vart lagt tydeleg fram.